Ny blogg
Eg har flytta bloggen min til www.skogholt.org Følg med der i framtida!
Ein personleg blogg, mest om politikk, men litt om heilt andre ting som plutseleg festnar seg i hjernen min.
Det gler meg stort at det ikkje blir noko oljeutvinning på Snøkvit utanfor Finnmarkskysten. Korfor det spør du kanskje, vil ikkje eg ha arbeidsplassar? Jau, eg vil gjerne ha arbeidsplassar, men ikkje arbeidsplassar som er tvilsame økonomisk og meir enn tvilsame økologisk.
Etiketter: klima, klimaendring, olje, SV
Eg har i lengre tid tenkt at eg skulle skrive noko om valet. Det har ikkje vore heilt enkelt å finne ut kva det skulle vere. Eg kunne få ut frustrasjonen min. Men eg veit ikkje om det er så interessant. Eg kunne sagt kva eg tenkjer om statsrådar, valkampen og partiet (både SV og andre), men det kunne fort blitt for interessant.
Etiketter: forhandlingar, fylkesråd, fylkesting, Senterpartiet, SV, Troms, Troms fylke, val, valg
Den siste veka har vi mottatt meldingar om at Nordvestpasasjen er isfri og at store flaumar rammar Afrika. Dette er for å seie det enkelt, ikkje daglegdagse hendingar. Igjen blir det tydeleg for oss at endringane i klimaet er den største utfordringa vi står framfor.
Troms fylkeskommune har fått 11,2 millionar frå Kristin Halvorsen. Desse pengane meiner Troms SV bør gå til dei vidaregåande skolane. Dette vil gje oss muligheit til å sette i gang ombygginga av Kongsbakken og gje lærarane eit ekstraordinært kompetanseløft. Ei ytterlegare styrking av fagdidaktikken vil styrke den vidaregåande skolen i Troms.
Etiketter: lære, Pål Julius Skogholt, SV, Troms, Troms fylke, utdanning, vidaregåande, videregående
Den vidaregåande skolen i Troms er det viktigaste fylkeskommunen driv med. Det å gje ungdom i Troms ein god start på yrkesliv og studiar er heilt avgjerande for å skape eit godt samfunn. Derfor prioriterer SV skolen svært høgt.
Etiketter: Pål Julius Skogholt, skole, sosialisme, SV, Troms, Troms fylke, utdanning, vidaregåande
I løpet av dei siste vekene har vi sett rekordnedbør på Østlandet, rekordsmelting av is i Arktis, tidenes sterkeste orkan i Mexicogulfen. Tilfeldig, neppe!
Det er ingen tvil lenger om at vi står framfor store klimaendringar. I dette valet må vi velje inn folk i kommunestyrer og fylkesting som er opptatt av miljø og vil vise handlekraft for å få ned utsleppa av klimagassar. SVs folk tar klimaendringane på alvor og vil gjere noko med dei.
I Troms forpliktar SV seg til å bytte ut alle oljefyrar i fylkeskommunale bygningar. Vi vil kjøpe tilbake Tromsbuss for å kunne satse på buss og miljø i Tromsø. Vi vil stille krav til nye hurtigbåtar mellom Harstad og Tromsø for å få ned utsleppa. I kommunane vil SV stille krav om lokale klimahandlingsplanar og vil reelt legge til rette for ei miljøvenleg utvikling i lokalsamfunna.
Klimaendringane er reelle. SV er partiet som tar dette på alvor.
Etiketter: drivhuseffekt, klimaendring, miljø, miljøvern, sosialisme, SV